4,1
av 5
Utmerket
(20 anmeldelser)
Gjestevurdering på Hotels.com
Reiserangering fra TripAdvisor
Nytt hotell med fine rom og god frukost. Hotellrestauranten fekk me ikkje tid til å nytta. Rundt hotellet er det berre kontorbygg og eit drivhus. Stille... og rolig strøk. Skyttelbuss frå Schiphol kvart over og kvart på heil time frå 06:15 til 23:45. Turen tek omlag 15 minuttar. Bussen (godt merka) stoppar ved A9-13, utgang C eller B på flyplassen. Diverre er det ikkje mogleg for bussen å kjøra dei siste 100 metrane fram til hotellet. Det er mogleg å gå tørrskodd gjennom parkeringshus og ta heis opp ein etasje. Frå hotellet går bussen to minuttar over heil og halv time. Eit par avgangar går ikkje laurdag, søndag og mandag. Returen tek omlag 10 minuttar. Bussen var utruleg presis då me var der. Den er gratis. Frå Schiphol går det tog til Amsterdam sentralstasjon ganske ofte. Enkeltbillett (kjøp i automat) tur retur kostar € 7,80 og tek omlag 20 minuttar. Fann ut at me sparte pengar på å kjøpa I amsterdam city card. Så sjølv om hotellet ligg langt frå sentrum, opplevde me det ikkje som noko stort problem å bu på Park Inn Radisson. av H +S fra Hordaland på 18.04.2013