Hotellet ligg sentralt og fint til, kort veg frå hovudjernbanestasjonen. Resepsjonen er fin, men så stoppar det. Golvet knirka fælt både i gangen og inne på rommet, senga var hard og ukomfortabel, og det var ganske mykje bråk utanfor. TV-en fungerte i praksis ikkje, biletet var som det ein fekk når ein prøvde å søkje fram kanalar på det gamle analoge nettet. Utanom straum og eit skrivebord var det null fasilitetar å finne. Frukosten var enkel, men ikkje grei.