8/10 – Veldig bra
8. august 2011
Hyggelig hotell, og snart er dusjene i orden også!
Veldig fin hage med flotte kattar, koselege sitteplassar og mykje å sjå på. Vi var også heldige med gjestane, så opplevelsen vart ekstra hyggeleg. Det er drive av eit kjekt par i 30-åra som er trivelege vertar med bra serviceinnstilling. Det er også ein skjønnheitssalang driven av ei dame som heiter Betty, som kan fikse det meste for ein relativt billeg penge. Og så er det ein bar der, som nokon av nærområdet sine eldre innbyggjarar nyttar som stampub ein liten time i veka. Diverre er ikkje heile hotellet i optimal stand då dei ikkje har nok pengar til å pusse opp alt på ein gong. Dette viste seg gjeldande på rommet vi fekk, der dusjen nekta samarbeide og kun spylte ut kokheitt vatn utan trykk, eller iskaldt vatn med trykk. Neste gong vi reiser dit er nok dette ordna, då dei pussar opp bada etter kvart som pengane strekk til. Det var for øvrig ikkje noko problem å få låne eit anna rom for å dusje. Frokosten er NYDELEG! Og det gjer ingen ting at frokostsalen kun er open frå 08:45-09:15, ein rekk ete seg gode og mette likevel, og samstundes kjem ein seg opp tidleg nok til å nyte sola. At ein må vente litt gjer ingenting, for maten vert laga av den same som serverar den (trur eg), og det er uansett artig å kunne bestille frå ein meny, ikkje sant? Det einaste som var litt irriterande var at vi trudde opphaldet var gjort opp via hotels.com før vi kom, men så viste det seg at det kun var betalt for ein dag. Dette er ikkje vertane sin feil i heile tekje, men slikt er det lurt å bite seg merke i slik at ein ikkje står der ved avreise og ikkje kan gjere opp for seg (Dog, dette har ein jo kredittkort til!). Hotellet ligg ein deileg spasertur frå sentrum, ca 15 min. Det er også 15 min å gå til toget og ASDA som er eit enormt kjøpesenter a'la OBS (men myyyykje billegare sjølvsagt).
Susanne
Hotels.com-verifisert gjesteanmeldelse