Veldig koseleg hotel i ei sidegate, nokre meter inn frå Via Manin/hovudgata. (Er faktisk fint å ikkje ha front ut mot den trafikkerte gata.) Me hadde rom med (ein liten) balkong, såg ned på promenaden og havet. Veldig grei standard på bad og rom, madrassen litt i hardaste laget for kona. Veldig hyggeleg og hjelpsam stab og god frukost.
Kort veg ned til stranda (der du typisk kan leiga parasoll/seng/stol osv.), 10-15 min gange til togstasjonen, under 40 minutt til flyplassen, togbyte i Pisa (Centrale).
Billegare å leiga sykkel i parken like ved hotellet (to hakk inn frå hovudinngangen mot sør, dvs høgre side om du går mot togstasjonen).