Då eg kom fyrste natta, litt seint fordi flyet var forseinka, var det ingen ledige sengar på rommet mitt. Då eg gjekk ned i resepsjonen, fekk eg beskjed om at eg hadde fått feil rom, og blei flytta til eit anna.
Dei største romma har delt bad som luktar kloakk.
Natta etter var eg på ein ny reservasjon, og havna på eit mindre rom med eige bad. Det var ikkje noko handsåpe på rommet, og berre to stikkontaktar på seks senger. Sengene er forholdsvis hare, men sengetøyer er (og luktar) reint.
Frukosten var varierande, og enkel på det beste. Ein dag var kaffien kald, og det kom ikkje frukostblandingar eller anna pålegg enn syltetøy før ein halvtime etter at frukosten hadde starta. Dette var frustrerande for oss som måtte tidleg opp og skulle rekka noko.
OBS! "KAFFIEN" ER IKKJE VANLEG KAFFI! DET ER IKKJE KOFFEIN I HAN!!! Det er heller ingen annan måte å få tak i kaffi om morgonen på hotellet, etter det eg forsto.
Under oppholdet mitt opna dei baren. Fyrste "opningskvelden" stengte dei klokka 10, og eg blei nesten hiven ut før eg hadde drukke opp øla mi.
Elles ivrig og engasjert, om enn noko uerfarent personale