Sambuaren min og meg er i slutten av tjue-åra, og reiser nok fortsatt litt på 'budsjett'. So me var ikkje på utkikk etter noko boutique-hotell i Lisboa. Men heller ikkje den verste rønna. Hotel Dom Sancho var akkurat på rett plass - midt mellom desse ytterpunkta. Beliggenheita var god. I gata Avenida Liberdade, ein slags Bogstadvegen/Frogner, litt "over" sentrum. Det tok ca 5-10 min å gå til Praca de Figueira, open plass som var veldig sentral i byen. Rommet var lite, men heilt ok. Med rom mot bakgården er det stille og fint. Badet var lite, men også heilt ok. Badekar og marmor. Me budde der fyrst to dagar, so farta rundt i Portugal, for so å komme tilbake dit. Då fekk me eit rom som var litt mørkare og "skitnare" enn det me fyrst hadde hatt, og det lukta sigarettrøyk. Me ba om å få eit anna rom, og fekk det. Det var like ok som det fyrste me hadde hatt. Me hadde ikkje frukost inkludert, men ein kunne ete frukost for 5 euro pr/pers. Me åt for det meste ute, men åt på hotellet ein dag, frukosten var også heilt grei, særleg om ein ville komme seg raskt ut døra med mat nok i magen. Veldig hyggeleg betjening. Godt hotell i dette prissjiktet, og sopass sentralt.