Vi var der berre 2 dagar heilt på slutten av bryllupsreisen vår, ein rundtur i Italia. Vi burde ha vert der lengre for det var så koseleg og avslappande. Det ligg sør i Toscana og dagene brukte vi på å utforske området med bil og besøke små middelalderske byer på fjellet. På ettermiddag er det deilig å slappe av med bassenget, spele tennis eller gå ein tur på området. Vingarden produserar mykje herleg, kvalitetsvin (dyr!!). På dagen må du bestemme om du skal ha middag der, det vil vi virkelig anbefale men det kostar 39euro (men det er verdt det) Det er ein bestemt 4-5 retts meny med lokale råvarer som blir spist utandørs akkompagnert av klassisk musikk og ein nydeleg solnedgang over det toscanske landskapet. Det er blant det mest romantiske på bryllupsreisa vår. Du blir kjent med verten, Gisueppe som er sjefen for vingarden og Lo Sovana. Han kan ta deg med på vintur og viser deg vingarden. Vingarden er blant svært få (5-10) i Italia som sorterer kvar enkelt drue for hand. Det er skikkeleg kvalitetsvin dette er snakk om! Det går også an å leige leiligheter, det vil nok anbefalast om du skal vere der over lengre tid fordi det blir litt dyrt å ete for 39 euro kvar kveld. Frukosten var veldig bra for å vere Italiensk. Mindre søtsaker og kaker enn mange andre hotell. Konklusjon: La Sovana var fantastisk, reis reis reis! Vi kjem til å komme tilbake =)