Hotellet ligg nær Marques de Pombal-rundkøyringa, som er eit knutepunkt for trafikk i Lisboa, med metro, bussstopp og startpunkt for sightseeingbussar. Suiten var romsleg. Soverom med to queen-size senger, skrivebord/stol og skyvedørsgarderobe med safe. Opphaldsrom hadde dobbel sovesofa, skrivebord, stol, tv-benk og spisebord med 4 stolar. Det vesle kjøkenet hadde mikro, to kokeplater, kjøleskap, vasskokar og det mest nødvendige av kjøkkenutstyr. På badet var det badekar med dusj og god plass. Rommet var reint, men litt støvete i krokane. Dørene knirka (men det ga seg med litt sololje på hengslene) og ved inngangen kunne det gjerne vore knaggar til ytterjakker, elles var vi godt nøgde med fasilitetane på rommet. Dei ordinære sengene hadde dyner, medan sovesofaen hadde overlaken og pledd. Hotellet har ein liten frukostsal som serverte enkel frukostbuffet med godt utval av frukt. Sittegrupper i resepsjonen. Det var få gjester på hotellet i februar, og stille og roleg. Vi hadde rom mot gata, og om kveldane var det noko støy av lastebilar, men det ga seg rundt midnatt, og var ikkje særleg plagsomt. Elles var det eit roleg kontor/bustad-kvartal. Daglegvarer ca 100 m unna, Mc Donald's i same gata. Hotellstaben var vennlege og hjelpsame, og snakka bra engelsk. Vi fekk gratis trådlaust internett ved å melde oss inn i ein Choice-Club. Elles var det pris pr time. Nettet var tidvis tregt og ustabilt. Vi var nøgde med opphaldet, og meiner vi fekk valuta for pengane.