Hotellet si plassering midt i Gamla Stan var perfekt, og samtlige resepsjonistar var hyggelige og ytte svært god service. Det sjarmerande gamle bygget er innreia som om det var eit skip, med tilhøyrande knøttsmå "lugarar", noko som ikkje gjer dette til eit godt val dersom ein har mykje bagasje eller lid av klaustrofobi. Badet og dusjen hadde også svært små dimensjonar, og mangla hyller til å plassere toalettsaker på. Romma som er plasserte ut mot gata er vanskelege å sove i, ettersom lydane utanfrå høyrest svært godt gjennom dei uisolerte vindauga. Vi var ikkje fornøgde med frukosten: utvalget var lite, og kvaliteten dårlig, med brød som smakte gammalt. Nokre av desse problema vart kompensert for ved den gode servicen frå resepsjonen, som tilbydde både å bytte rom og å ete frukost på eit anna av kjeden sine hotell. Alt i alt får ein mykje for den relativt lave prisen, særleg med tanke på hotellet si plassering, men dersom eg skulle budd der igjen ville eg heller kjøpt frukost ein annan stad, samt tatt med øyrepropper!