Me var på hotellet to netter og likte oss godt. Området er fantastisk rundt hotellet og det er flotte plasser å besøke. Litt langt å gå til næraste butikk gjorde at savnet av eit kjøleskap var stort. Me var ein familie på tre som reiste. Senga var litt hard, men ganske god. Enkeltsenga var på eige soverom. Lite rom til toalett og eit lite rom til dusj og vask. Litt rar patent, men fungerte greit. Romma var ikkje i samme bygning som restaurant, leikerom, og resepsjon - men i andre enden av eigedommen. Fungerte fint - sjølv om området rundt der var ikkje av topp standard. Deilig aircondition på rommet og eigen uteplass til kvart hotellrom. Minna meir om ein liten leilighet enn hotellrom egentlig, men savna altså kjøleskap og kokeplate.
Bassengområdet var fint. Eigen "strandbar" ved bassenget. Eige barnebasseng var det og. Ikkje veldig god plass rundt bassenget (mange opptatte solstolar tidleg), men sjølve bassenga var flotte og opplevdes reine.
Hadde kanskje forventa litt meir for 2500,- døgnet - men likevel eit flott område, mange kjekke aktivitetar (bordtennis, barneklubb, hoppeslott, leikeplass, trampoline, basseng, bordtennis, minigolf osb.) som gjorde opplevinga veldig bra. Ikkje minst var det flott å oppleve stien som går rundt Cap Ferrat og alle dei flotte plassane/husa her.