8/10 – Veldig bra
13. desember 2010
Mykje for pengane
Enkelt, men bra hotell for den som ynskjer fred og ro til å kombinere jobbing med sol på kroppen, som vil fikse frukost og lunsj sjølv, og som heller vil ha ein god pris enn høg standard og aktiv service. Atmosfæren er venleg og uformell i eit svært roleg indisk/pakistansk nabolag. Eit lite supermarked med godt utval og 4 gode restaurantar innan ein radius på 200 m - med svært behaglege prisar (hovudrett under 50 kr), kompletterer tilbodet. Solingsplassen og bassenget på taket er ei perle. Underteikna likte seg så godt, at eg tok ei ny førjulsveke på hotellet i år.
Ivar
Hotels.com-verifisert gjesteanmeldelse