Perfekt lite, moderne hotell i utkanten av landsbyen Montelupo d' Albese. Rommet var stort og godt innreidd, med gåinni-garderobe, godt bad, wc/bidet. I kjøleskapet låg flaskevatn som hotellet spanderte og 'luksusartiklane' på badet, tøfler inklusive, var av skikkeleg kvalitet. Rommet hadde berre eit lite minus; harde sengar. Men heilheitsinntrykket og ikkje minst utsikta frå balkongen utanfor, mot alpane i det fjerne bortanfor snødekte vinmarker, vog opp for sengane. Dessutan serverte hotellet den beste hotellfrokosten vi nokon gong har opplevd, og staben var både engelsktalande, venleg og velinformert. Vegg i vegg med hotellet ligg restaurant med same navn, driven av hotelleigarens bror. Nydeleg, rimeleg mat og utruleg god vin. Du treng ikkje velje dyr barolo for å få nydeleg vin her.
I resepsjonen heng plakettar frå alle dei fem åra hotellet har eksistert, Italias beste ditt og datt, høgst fortent. Vi sa på gjensyn då vi drog, for dette hotellet vil vi definitivt tilbake til.