Me hadde 5 dagar i Vilnius , Litauen i begynnelsen av desember 2015. Hotellet låg i passe gangavstand til gamlebyen og andre område av byen som var verd eit besøk, f.eks rådhusplassen og katedralplassen.
Hotellet var ok, hyggelege folk i resepsjonen, nyleg oppussa rom og flott bad. Litt lange gangar og trapper opp og ned, men til å leve med. Frukosten har eg smakt betre andre stader, men samla sett var det absolutt bra verdi for pengane.