8/10 – Veldig bra
30. september 2024
Ok hotell med litt å gå på
Servicen er relativt bra, men kunne tidvis opplevast noko avvisande. Då me som eit eksempel spurte om kvar me kunne finne ein minibank var svaret "nedi gata" og det var ikkje mulig å få særleg meir instruks om kvar me skulle gå anna enn "ned i gata og ut". Romet elles var ok, men litt grått. Handduken på romet vårt var så utsliten at den bokstaveleg talt rakna i frå kvarandre og var heilt fillete, så her har dei litt å gå på. Hotellet har eit område nede med eit lite basseng, sauna, og steamrom. Me booka det for 1 time (ein må booke på førehand i resepsjonen) og då me kom ned var ikkje sauna eller steamrom skrudd på. Dette er ting som tek lang tid å varme opp, og saunaen kom aldri opp i ein brukandes temperatur. På steamromet var der ikkje lys, men sjølve steamfunksjonen fungerte bra. Hotellet har også flyplasstransport som er litt dyr, men servicen var veldig god og dette kan anbefalast om du har mykje bagasje (lokaltaxiane er små og vil ikkje ta deg med om du har mykje koffertar). Generelt er hotellet heilt greit og dei ansatte er hyggelege, men der er litt å gå på for å få toppkarakter.
Renate
Renate, reise på 1 natt
Hotels.com-verifisert gjesteanmeldelse