Det første som møtte oss var parkeringsporten med dørtelefon. Etter ei kjapp henvising til hotellreservasjon var me sluppen inn; parkeringa var romsleg, området var inngjerda, og både utfart og innfart var enkelt.
I resepsjonen vart me godt tatt imot, og romma var nær upåklageleg sett i høve til pris; reinsleg, framstod som nytt, velfungerande aircondition, romsleg, flott utsikt, terrasse med bord og stolar, og god seng.
Når det gjeld bassengområdet var sjølve bassenget rimeleg stort, vatnet reint, og bassengområdet roleg - trass kort veg til baren. Det var i tillegg rikeleg med solsenger, samt bord og stolar.
For å trekka noko er det ein liten tur inn til Toloun, og kollektivtransporten er langt ifrå imponerande i byen. På taxiholdeplassen stod me minst ein halvtime, og då var det berre ein person før oss i køen. Det går rett nok ferja med holdeplass nær hotellet - berre hugs å sjekk kortid siste ferja går.
Samla var hotellopphaldet vårt her det beste me hadde under heile Frankriketuren. Om dette hotellet hadde vært i kvar by hadde eg gladeleg tatt det.