Vi var svært godt fornøgd med rommet på Celenga apartments. Rommet som vi hadde var ganske lite, det er meir "dobbeltrom med kjøkenkrok" enn leilegheit. Men det finnast større og dyrare rom i same huset. Alt var "moderne" reint, heilt og pent. Vi skulle gjerne hatt terrasse,men det er tilsynelatande ikkje så mange leilegheiter med dette i gamlebyen. Hyggeleg dame som var landlord, stort pluss for lobby med reint og fint toalett, "stove", vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.Det var heilt stille og roleg i huset og utruleg god aircondition. Vi var 6 dager her, det er også lenge nok i gamlebyen. Vi anbefaler Lokrum for bading og soling, båt frå havna kvar halvtime. Vi fann den beste og billegaste maten på utsida av gamlebyen. "Chihuahua-mexicana cantina" og "Food and Wine" rett utanfor gate "Ploca". Det er ein god del "turistfelle"- restauranter inne i gamlebyen, der maten koster meir enn den smakar. Dubrovnik og Celenga anbefalast varmt, alt var skikkeleg og "på stell"..