Vi hadde ei flott veke i Lisboa, og hotellet ligg veldig sentralt til for utflukter rundt om i byen. Det er gå-avstand til trikk, metro, buss og tog. Det er lett å anbefale dette hotellet til andre. Vi hadde superior-rom, og då vi gløtta inn på eit "standard" rom, syntest vi det såg lite ut. Super frukost med kakebord som i eit middels norsk bryllup og svært hyggeleg betjening.