Stor seng, reint rom. Lite, men fint bad. Trådlaust internett fungerte godt. Det var ganske varmt på rommet då me kom, og me forstod oss ikkje på termostaten, men det var lett å justera temperaturen med å opna glaset. God service i resepsjonen. Me hadde ikkje bestilt frokost på hotellet, men resepsjonisten anbefalte oss andre stader å eta. Hotellet ligg i gangavstand til Potsdamer Platz og Checkpoint Charlie. Det er ikkje langt til handlegata Friedricher Strasse, Unter den Linden og Brandenburger Tor. Det er kort til S-bahn og U-bahn-stasjonar.