Vi hadde nokre utruleg fine dagar i Sevilla. Hotellet ligg sentralt til, og det var ei oppleving å bu der. Vi vart svært godt mottekne då vi kom, vart bydd på eit glas vin og fekk mykje god info om hotellet og kva som var å sjå og oppleve i Sevilla. Byen har verkeleg mykje å by på, og vi kjem gjerne tilbake for å oppleve Sevilla igjen.
Det skulle vere balkong på alle rom, men det var det ikkje, heller ikkje på vårt rom. Derimot var der ein koseleg takterasse som vi visste å gjere oss nytte av. Kvar kveld kl. 8 var det klassisk gitarkonsert i patioen i 1. etg., og sat du på takterassen, kunne du nippe til vinglaset, akkompangert av smektande spanske gitartonar. Frukosten bør du ta på hotellet. Den blir servert nede i patioen, og startar med eit fat oppskoren fersk frukt. Deretter får du toast med velsmakande marmeladar til og nokre croissant-liknande kaker som vi ikkje prøvde. Ferskpressa appelsinjuice og ein utruleg god blåbærjoghurt dukka også opp. Kaffe eller te etter ønskje. Yammi!