Dyrt i forhold til standard. Budde på hotellet i 2018 og var svært fornøgd. Stille og fredeleg, fantastisk frukost, men litt i overkant dyrt samanlikna med betre hotel andre stader i DK. Og eit minus er manglande ventilasjon, spesiellt på badet er dette kjedeleg. Var på hotellet ei natt igjen no og hadde forventningar om litt betre standard sidan det var eit comfortrom som var litt dyrare enn standardrom som me hadde sist. Denne gongen vart ikkje forventningane innfridde. Rommet var ikkje høgare standard på enn det me hadde sist sjølv om det var litt dyrare. I taket på badet der det truleg skulle vore ei vifte var det eit stort ope hol og fråkobla kontakter. Vasken på badet var nesten tett, ingen toalettartiklar, ikkje fønar. På rommet var det kaffi og koppar, men ingen vannkokar. Sengene var gode, men rommet lite. Reint og fint, men alt for dyrt i forhold til standard. God frukost og god service, men til den prisen kunne frukosten godt vore inkludert. I motsetnad til dei andre hotella me budde på vart heile beløpet trekt frå konto ved bestilling.