Romma på hotellet har veldig varierande standard, både i størrelse og om dei er pussa opp på denne sida av årtusenskiftet. Denne gong vart det eit lite, men ganske fint rom. Men fryktelig varmt og ingen mulighet for å regulera temperatur. Ellers fint! Ellers har hotellet eit basseng med tilhøyrande garderobe som mildt sagt treng litt stell, mens spa-avdelinga, som ein må kjøpa seg inn på er ganske bra. Frokost er også ganske ok, men ferskt brød hadde jo vore kjekt. Middag kan ein kanskje også få, om ein ikkje blir jaga av sure servitørar slik vi gjorde denne gongen. At den kulinariske konkurransen i Førde er alt anna enn hard er merkbart.