Hotel Oriental var perfekt for oss. Rommet var berre utruleg deilig, enkelt, stilfullt, reint. Stor seng, sofa, balkong med knallutsikt til Atlanterhavet. Og stor TV med mange kanalar. Badet var romsleg, reint, nytt. God plass i dusjen, god benkplass ved vasken, og bidè, for dei som ynskjer det. Frukosten var god, godt grovbrød, diverse bakst, pålegg, pølser, bønner, egg, frukt/yoghurt/müsli ++. Beliggenheita til hotellet kunne ikkje vore betre. Rett ved stranda, med utsikt, og mulegheiter for lange promenadar. Og akkurat passe i enden av turist-hovedgata; berre eit par minuttar å gå til restaurantar, og samtidig langt nok unna ståk frå barar (me var der i februar, då var det uansett roleg nattestid). Og når prisen på hotellet er sopass grei (i alle fall då me var der) - er dette eit kupp. Betjeningen var òg upåklageleg.