Hotellet ligg 4 kvartal frå Hyde Park og 300m frå nærast T-bane/tog stasjon (Paddington), denne har direkte forbindelse til Heatrow så er enkelt å komme seg dit.
Kvar oppgang har eit hotellnamn og det er felles resepsjon i enden av bygget. Er sannsynlegvis eit bolighus gjort om til hotell.
Grei størrelse på rommet, smale trapper, teppe på golvet overalt. Bær preg av å være gammalt. Bad er sett inn i etterkant og for å få det opp trapper er det laga av byggesett berekna på båtar som er bært opp trappene og montert. Lite og ukoseleg bad. Sluken tar ikkje unna så renn over om ein dusjar meir enn 2 min. Rommet var kaldt då reinhaldar opnar vindauget, og radiator er berre på innimellom. Skiftar handdukar anna kvar dag.
Frukosten er dårleg, denne består av toastbrød, skinke, Cheddar (ost), ein slags servelatpølse, appelsin- og blåbærsylte, jordbær og kirsebær yoghurt, frukostblaning og mjølk og juice. Ingenting anna. (ingen grovbrød, egg eller anna heit mat).