Vi hadde to rom, begge overraskande store og fine for å vere i London, med dobbeltseng, skrivebord, og to stolar og bord, eller sofa. Teppegolv, stort klesskap. Vasskokar og kaffi/te. Bra plass på badet. Boblebadekar. TV og aircondition. Roleg og stille.Hotellet elles hadde ok standard. Teppegolv i fellesområda var noko slitne. Enkel frukost i underetasjen.Toast og rundstykker, kvitost, syltetøy, honning, kokt egg, smør. Frukostblanding, kaffi, te, mjølk, juice, fruktcocktail, yoghurt. Bra service og godt reinhald på romma. To gater frå undergrunnstasjonane Queensway og Bayswater. Bussstopp i gata mot Hyde Park. Små daglegvarebutikkar og restaurantar i gata ved undergrunnstasjonane. Typisk turistområde med veldig mange hotell. Kort veg til shoppingsenteret Whitely's, Hyde Park og Kensington Gardens. Gåavstand til Notting Hill. Kjem du til Heathrow kostar det deg nokre få pund med undergrunnen til Bayswater. Skift frå Piccadilly Line til Distict eller Circle på Earls Court. Tek ca 35 min. Pluss: Romstørrelsen. Minus: Frukosten. Greitt hotell i forhold til prisen.